Nordfjordeid - Sogn og Fjordane
Søndag 20.september 2020
Trollenykjen Opp 2020 er dessverre avlyst. Slik covid-19 situasjonen er no, er det lite fornuftig å arrangere motbakkeløp. Dei som har betalt for påmelding skal sjølvsagt få pengane tilbake. Vi er klar for nytt arrangement i 2021. Da har vi planar om å få til barneløp i tillegg til dei vanlege mosjon- og konkurranseklassane. Dato for løpet blir bestemt rett over nyttår.
Ein fantastisk dag med 70 sprekingar som tok turen opp på Trollenykjen, 39 i konkurranseklassane. Ny rekord av Thorbjørn Ludvigsen, Varegg, med tida 33:37. Vinnar av dameklassa vart Eirin Aasen Kvalheim på 47:50..
Tidene til deltakarane i konkurranseklassane ligg på resultatsida. (Lista inneheld alle historiske resultat tilbake til 2010, men kan filtrerast på klassar og årstal).
Det vart 2 nye klasserekordar i år:
M23-34: Thorbjørn Ludvigsen, Varegg, 33:37
M50-54: Gry Haugset, Jølster IL, 48:48
Ein del bilete frå dagen er lagt ut i albumet.
Beste tid på Trollenykjen Opp har Thorbjørn Ludvigsen, Varegg, på 33:37 i 2019. Karoline Holsen Kyte, Førde IL Friidrett, har beste tid i kvinneklassa på 38:44 i 2017.
På resultatsida kan du søke i resultat tilbake til 2010.
Motbakkeløpet Trollenykjen Opp på 4 km går frå flatene i sentrum og opp til Trollenykjen 898 m.o.h. Frå toppen kan du sjå til Hopland, Sandane, Hyen, Ålfoten, Davik, og Nordfjordeid. Løftar du blikket ser du innover fjella i Indre Nordfjord og nordover mot Sunnmørsalpane.